Inkluderingsfond
Bremanger idrettslag har med støtte frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane eit inkluderingsfond.
Formål:
- Inkluderingsfondet har som formål å gje barn og unge i Bremanger kommune
høve til å kunne delta på aktivitetar saman med laget sitt, som ein ellers ikkje
ville hatt grunna private økonomiske forhold.
- Fondet kan og nyttast til støtte til innkjøp av treningsklede eller utstyr, samt
dekking av treningsavgift eller medlemskontigent.
Inkluderingsfondet skal:
- Hjelpe til inkludering i felleskapet
- Hjelpe barn og unge å delta i fellesopplevingar som skaper gode barndomsminne
- Hjelpe til inkludering i felleskapet.
- Hjelpe barn og unge til å være med venner på viktige felles opplevingar.
- Bidra til god psykisk helse
- Bidra til god fysisk helse
Henvend deg om støtte eller stønad til inkluderingsfondet
Synest du det er vanskeleg å ta kontakt med oss i inkluderingsfondet i Bremanger idrettslag?
Alle trenarar og kontaktpersonar i idrettslaget kjenner til ordninga vår. Dette betyr at
du kan prate med den personen du kjenner best, og ei henvendig om støtte frå
inkluderingsfondet i Bremanger idrettslag kan være så enkelt som ein kort og uforpliktande prat
med ein av dei.
Du kan òg velje å ta kontakt med styret i idrettslaget på
mail: bremanger.il@enivest.net
Info om kven som har søkt om og fått tildelt pengar frå inkluderingsfondet vert ikkje
lagra eller arkivert nokon stad.