BREMANGER TRIM 2017



Har du lyst å trene?



Ta kontakt med Reidar eller Anne Kristin på sms.



Om ein ønskjer å gje abonnement som gåve kan du kjøpe gåvekort ved å kontakte Anne Kristin Førde.



Ny kode til dør vert sendt dykk på sms når innbetaling av abonnement er registrert på bankkonto 3705.22.74398.



Merk innbetalinga med kven abonnementet gjeld for og kva mobilnummer koden skal sendast til.



Koden gjeld for 01.01 – 31.12.



Opningstid kl 08 - 22. Reglar for bruk av lokalet heng i trimstudioet.



Kontaktpersonar:



  • Reidar Håvardstun mobil 48225600
  • Anne Kristin Førde mobil 99169091



REGLAR FOR TRENING

1. Husk alltid å registrere deg i bok ved døra.
2. Døra skal vere låst under trening.
3. Bruk innandørssko.
4. Ikkje ta opp apparata når du trenar, slepp andre til når du ikkje brukar dei sjølv.
5. For å halde mest mulig orden i lokalet så ryddar vi på plass vektene/utstyr etter oss.
6. Ta kontakt med kontaktperson med ein gong om apparat er øydelagt eller manglar noko. Sjå oppslag!
7. Bruk alltid handklede når du trenar med styrke- og kondisjonsapparat. Vask av trenings-apparat etter bruk. Bruk desifiseringsvæske som er på sprayflaske ved dispenser med tørkerull. Spray på papir og tørk av treningsapparat.
8. Ikkje forstyrr andre ved å prate i mobil i treningsområdet. Vi ber derfor alle å respektere eit mobilfritt miljø.
9. Treningsvesker, utesko, ytterjakker og andre personlege eigendelar skal ikkje bringast inn i lokalet, men plasserast ved inngangsdør på hylle/knagg.
10. Bremanger Trim stenger kl.22.00



REGLAR FOR BREMANGER TRIM

Trening i et ubemanna treningssenter set særlege krav til brukarar. Det er mulig å skade seg på treningsapparat ved at ein kjem i klem, får muskelstrekk, feil løfteteknikk etc. eller ved funksjonsfeil i apparatet.



• All trening skjer på eige ansvar. Brukarar er ansvarleg for at han / ho er fysisk og psykisk skikka til å bruke treningsutstyret.
• Brukarar aksepterer at treningssenteret ikkje har ansvar for skadar på person eller gjenstandar eller tap av gjenstandar. Dette gjeld uavhengig av om skaden eller tapet oppstår under eller som følgje av brukar eller andre sitt opphald i senteret.
• Alle brukarar pliktar å lære bruk av apparat før bruk. Det er ein føresetnad at brukar går gjennom apparat saman med ein av senteret sine instruktørar, eller sjølv har litt erfaring / kompetanse når det gjeld trening. Det anbefalast og å trene ilag med andre.
• Brukarar pliktar å bruke reine treningsklede og reine sko. Det er kun tillete med innesko i våre lokaler.
• Av hygieniske grunnar ber vi deg om å bruke handkle og tørke opp svette når du er ferdig.
• Det er eit sjølvbetjent treningssenter der brukarar får tilgang ved gyldig kode til nøkkelskap. Koden er personleg og skal kun vere kjend for medlemmar. Den skal ikkje overlatast til andre.
• Brukarar pliktar å forlate treningssenteret innan oppsett stengetid.
• Barn kan ikkje takast med inn på senteret av sikkerhetsmessige årsaker.
• Aldergrense 15år.(10 klasse)



God norsk folkeskikk fungerer veldig bra på Bremanger Trim.



Bremanger Trim - prisar 2017

Periode Vaksne Student/


Pensjonist
1 dag 50 50
2 dagar/helg 100 100
1 veke 200 200
2 veke 300 300
1 mnd. 400 400
2 mnd. 500 500
3 mnd. 600 600
1/2 år 800 400
1 år 1 500 700
Bankkonto3705.22.74398
Powered by: Bloc