Utvida frist til sommarleiren!

Postet av Morten Ferstad den 27. Mai 2016

Utvida frist for påmelding til sommaraktivitet 2016.

Bremanger Idrettslag har fortsatt ledige plassar til sommaraktivitets vekene i 2016. Sender derfor ut ny info for påmelding og håpar det kan lokke fleire til å delta. Planen er som tidlegare år og gjennomføre tilbodet i to veker, den første veka etter skuleferien som startar i veke 25. (20. – 24. juni) går som planlagt, men i veke 26. (27. juni – 01. juli) må vi ha fleire påmeldingar for å kunne ha aktiviteten i to veker. Bindande påmelding til: bilsommaraktivitet@gmail.com innan 5. juni 2016. Alle påmeldingar må innehalde kva veke som er ønskjeleg, namn på barnet, fødselsdato og kontakttelefon til føresette. Ny frist for påmelding er 5.juni-16

Deltakaravgift for Sommaraktiviteten er på kr. 1.450 pr. deltakar pr veke. Om det er fleire søsken som deltek vil kostnaden vere 2.450 kroner for to born og 3.450 kroner for tre born osv.

Betaling for sommarleiren skal til kontonummer 3776 07 01476 innan 10 juni 2016.

Endeleg program med gruppeinndeling vert sendt ut 10 dagar før Sommaraktiviteten tek til. Om det er spørsmål eller trong for meir opplysningar ta gjerne kontakt på e-post eller ring

Anne Kristin Førde telefon 99 16 90 91

Dette er tredje året BIL har ansvar for desse vekene som er eit tilbod for barn frå 1.klasse til og med 7.klasse. Som hovudbase nyttar vi nærmiljøanlegget i Bjørsvika på Hauge i Bremanger, der tek vi imot borna frå klokka 08.30 om morgonen. Dei organiserte aktivitetane startar frå klokka 09.00 til klokka 15.30. Borna må verte henta innan klokka 16.00.

Målet med desse vekene er å gje alle born som deltek eit tilbod med fine opplevingar ute naturen med ulike aktivitetar som fisketur, fjelltur og bading på Grotlesanden. Nytt for dette året vert ein aktivitetsdag i Mestringsgården Klatrepark på Nesbø i Svelgen. Dette i tillegg til mykje leik og moro i det flotte nærmiljøanlegget håpar vi kan vere med på å skape glede, vennskap, og knytte gode relasjonar til Bremangerbygda og kommunen.

Bremanger IL. Foto frå 2015




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc