Sommaraktivitet 2016

Postet av Morten Ferstad den 5. Apr 2016

Sommaraktivitet 2016

Bremanger Idrettslag inviterar til sommaraktivitet for born frå 1 klasse til og med 7 klasse. Planen er som tidlegare år å prøve og gjennomføre tilbodet i to veker, den eine i veke 25. (20. – 24. juni) og den andre i veke 26. (27. juni – 01. juli). Vi må sjølvsagt ta atterhald om nok påmeldingar, vi treng minimum 25 barn kvar veke for å kunne få det til. Vert det for få påmelde vert det berre 1veke

Vi nyttar nærmiljøanlegget i Bjørsvika på Hauge i Bremanger som base og held ope frå klokka 08.30 og med planlagde aktivitetar frå klokka 09.00 til klokka 15.30. Borna må verte henta innan klokka 16.00.

Av planlagde aktivitetar kan vi nemne fiskturar med lokale båtar, fjellturar, bading på Grotlesanden, besøk i Mestringsgården Klatrepark på Nesbø i Svelgen og sjølvsagt mykje leik og moro i det flotte nærmiljøanlegget og området rundt. Vi tenkjer og ta utgangspunkt i opplegget vi gjennomførte i 2015 men med nokre endringar på aktivitetane. Viktig at borna som skal vere med er klar over at dette er ei aktivitetsveke med ulike friluftsaktivitetar, og mottoet er UT PÅ TUR ALDRI SUR !

Det vert sett opp program for heile veka, og vi delar deltakarane i grupper, slik at dei kvar dag veit kva dei skal gjere på.

Deltakaravgift for Sommaraktiviteten vert på kr. 1.450 pr. deltakar pr veke. Om det er fleire søsken som deltek vil kostnaden vere 2.450 kroner for to born og 3.450 kroner for tre born osv.

Bindande påmeldinga til: bilsommaraktivitet@gmail.com innan 6 mai 2016. Det er først til mølla-prinsippet som gjeld, og alle påmeldingar må innehalde kva veke som er ønskjeleg, namn på barnet, fødselsdato og kontakttelefon til føresette.

Betaling for sommarleiren skal til kontonummer 3776 07 01476 med betalingsfrist 10.mai-16.

Merk betalinga med namn på deltakar.

Endeleg program med gruppeinndeling vert sendt ut 14 dagar før Sommaraktiviteten tek til. Om det er spørsmål eller trong for meir opplysningar ta gjerne kontakt på e-post eller ring Anne Kristin Førde telefon 99 16 90 91

NB. Påmelding innan 6 mai 2016

Vi håpar mange vil vere med på sommarleiren i 2016!

Bremanger den 04.04.16

Med helsing

Anne Kristin Førde, Kontaktperson BIL

Evy Bach Colliander, Leiar fotballgruppa

Marie Nyborg, BIL Fotballgruppa








Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc