Ufortjent tap mot Eikefjord

Postet av Morten Ferstad den 25. Mai 2015

EIKEFJORD STADION: Seniorlaget gjekk på årets første tap, og det var av den svært sure sorten!

Bremanger fikk lite å juble for i Eikefjord.

Eikefjord 1 - 0 Bremanger
4 serierunde 5. divisjon avdeling 2
Fredag 15. mai kl 19.00
Eikefjord stadion


Her kjem eit svært forsinka skriv om tapet i Eikefjord. Skuffelsen etter tapet har vert so stor at kvar gang referatet har vert påbegynt har det blitt avbrutt av rennande vatn i augekroken som enda opp med ein skribent i fosterstilling under stovebordet..

Kampen


Det her er ein fotballkamp Bremanger vinner 9/10 gangar. Som Jose Mourinho sa i si legendariske tale: "Eit lag ønska å spele fotball uten mål", og da er utgangspunktet for ein underhaldane fotballkamp vekke. Spelestilen til enkelte lag kunne blitt skrevet mykje om, men den diskusjonen får ekspertane ta seg av.

Første omgang var periodevis jamnspelt, men Bremanger burde gått til pause med leiinga då ein er åleine med keeper to gangar.

Andre omgang fortsetter i samme spor som den første, men Bremanger tar meir og meir over spelet ut i omgangen. Eikefjord byttar fleire spelarar med krampe, og det ser ut som heimelaget skal gå i oppløysing. Bremanger fotsetter å kjøyre på og kjem seg til fleire store sjansar, men igjen er det dårlege avslutningar som er problemet.

Når Bremanger er best heile kampen og bommar på store sjansar er det sjølvsagt Eikefjord som skårar ut av ingenting! Ein Eikefjordspelar får ballen på rundt 16m, vender, og skyter ballen i mål.

På overtid får Bremanger enda ein enorm sjanse, men den blir redda på streken.


Feira med champis

At det går an å tape den kampen her er for meg heilt utruleg! Bremanger er fleire gangar åleine med keeper men får ikkje ballen i mål. Etter 80 min burde Eikefjord vert redusert til 10 mann då Gøran Larsen blir felt åleine med keeper. I staden for at Eikefjord får utvisning og Bremanger tar enda meir over skårer Eikefjord heilt på slutten.

Når motstandarar feire med champis i garderoba etter kampen veit vi kor mykje det betyr å slå oss.

Som Tore sa seinare på kvelden: Det er positivt å sjå kor mykje glede andre får av å slå oss, det viser at vi er blitt eit godt lag".

Vi gratulerer Eikefjord med sigeren, og håper dei ikkje tar seg nær av eit litt småfrekt referat :)




Kampfakta:

Eikefjord - Bremanger 1 - 0, ( 0 - 0 )

Gule kort: 1 til Eikefjord
Tilskuera: 50-60
Dommar: Ragnar Åmot, Jølster IL

1-0 87' Eikefjord

Lagoppstilling (4-4-1-1)

Mathias Hauge
Oliver Igland, Jan Rune Nigardsøy, Espen Frøyen, Vidar Senneset(K)
Eirik Førde Rylandsholm, Simen Hamre, Martin Igland Senneset, Mathias Hammersland
Mads Førde Os
Martin Klakegg Hauge

Benytta innbytarar: Magnus Myrhol og Gøran Larsen.



Diverse lenker:
Eikefjord sitt referat finner du her.
Link til Firda live finner du HER.
Link til A-laget si side finner du HER.
Spelar statistikk for sesongen 2015 finner du HER.
Tabell og terminliste på fotball.no finner du HER
Fleire bilder finner du HER.

Litt bilder frå kampen:








Håvard Mjølkeråen
Eikefjord kapteinen Håvard Mjølkeråen var banas soleklart beste spelar!


3 serierunde: Bremanger - Førde3
Kampreferat finner du her.
"Før kampen" artikkel finner du her.
2 serierunde: Selje - Bremanger
-Kampreferat finner du her.
-"Før kampen" artikkel finner du her.
- Vår live oppdatering finner du her.
1 serierunde: Bremanger - Eid 2
- Kampreferat finner du her.
- Før kampen artikkel finner du her.

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.