Sigersrekka fortsetter

Postet av Morten Ferstad den 12. Mai 2015

BREMANGER STADION: Eit hardtarbeidane heimelag fortsetter den gode trenden og var det beste laget i alle spelets faser, dermed blei alle poenga igjen i kystperla Bremanger.

Mathias Hammersland
Mathias Hammersland(nærmast kamera) spelte ein meget god kamp på Bremanger si midtbane.

Bremanger 4 - 0 Førde3
3 serierunde 5. divisjon avdeling 2
Søndag 10. mai kl 14.00
Bremanger stadion

Det var eit Bremangerlag i medvind som fekk kampens første mål. Den solide venstresida ved Vidar Senneset og Mathias Hammersland kombinerar fint og Senneset kjem rundt på kant og slår eit hardt og presist innlegg mot targetman, Martin Klakegg Hauge. Spissen er sikker framfør mål og sender Bremanger opp i leiinga 1 - 0.

Knappe fem minutter etterpå auka Simen Hamre leiinga til 2 - 0. Vidar Senneset slår eit godt frispark som nevnte Hamre heddar kontant i mål.

Underlaget på Bremanger stadion var veldig ujamnt so noko velspelt fotballkamp var det aldri. Bremanger brukte periodevis Tore sin velkjende FIFA taktikk; Slå langt og håpe på det beste!

Venstresida dominerar

Bremanger si venstreside fortsetje det gode spelet og Hammersland driblar seg forbi eit par Førde spelarar før han serverer Simen Hamre som sender Bremanger opp i 3 - 0. Det var Hamre sitt sjette mål på tre kampar, det er svært bra av midtbanespelaren!

Det siste kvarteret inn til pause legger Bremanger seg meir bakpå og ventar på kontringer. Verken Førde eller Bremanger skapar det heilt store, og Bremanger leiia fortjent 3 - 0 til pause.

Eit kompakt og tolmodig Bremangerlag legger seg bakpå i andre omgang og ventar på kontringar. Fleire ganger får ein gode brudd men ei humpete grasbane øydelegge mange av
overgangane.Magnus Myrhol

Det er dødballar og innlegg Bremanger skapar sjansane sine på i denne kampen. Midtvegs i andre omgang får heimelaget eit frispark 35m frå mål. Gøran Larsen slår eit god innlegg i boksen som Martin Senneset får avslutta på, skuddet går i stolpen og målsniken Magnus Myrhol skårar sitt første mål for sesongen. Nevnte Larsen spelar ein god kamp i ei noko uvant høgeback rolle.

Begge lag har nokon sjansar før kampen er over. Espen Rosø, Martin K. Hauge og Magnus Myrhol har sine sjansar, men den største er det Simen Hamre som fekk. Åleine med keeper forsøker Bremanger sin toppskårar seg på ein lekker lobb, men den går dessverre over mål. Førde var heller ikkje ufarlege og hadde blant anna eit knallhardt skot i stolpen, men alle såg at Mathias Hauge i mål hadde god kontroll.

Magnus Myrhol var fornøgd med målet sitt.

Følgde kamp-planen

På ei humpete grasbane er det ikkje muleg å spele slik Bremanger ønsker og taktikken blei dermed forandra. I staden for eit spelande Bremangerlag fikk publikum sjå ein meir direkte spelestil med angrep langs kantane og lite småspel. Kamp-planen blei følgd til punkt og prikke, og sigeren var veldig fortjent.

Det var mange som sto fram på eit godt Bremangerlag i denne kampen. Mathias i mål er trygg og roleg når han må i aksjon. Vår venstreside ved Vidar Senneset på back og Mathias Hammersland på kant var veldig skapande og hadde eit flott samarbeid langs krittlinja. Stopparparet sto fram som gladiatorar og vant kvar ein einaste duell. Gøran Larsen spelar ein god kamp på back. Eirik Rylandsholm viser fram dribleføtene sine fleire gangar, den sentrale midtbana i Hamre og Senneset gjer kva dei vill. Klakegg Hauge og Os jobbar og sliter på topp. Espen Rosø, Torbjørn Førde og Kristoffer Lågeide har alle gode innhopp.

Simen Hamre blei kåra til Bremangers beste spelar av Bremangerpublikumet.

Tore Rylandsholm
"Rylands-hjørnet"

"Fotball e ikkje alltid vakkert å sjå på, men i dag var det kun seier å 3 poeng som betydde noke. På vanskelige speleforhold med ujamn bane var det berre å legge finspel til sides, gjere det enkelt, spele lang og komme seg til innleggssituasjonar og fylle på med løp i boks. Ditta løyste spelarane på ein glimrande måte. No har vi fått den starten vi hadde håpa på, og vi gler oss til fortsettelsen."
- Tore Førde Rylandsholm, trenar.





Kampfakta:

Bremanger - Førde3, 4 - 0 ( 3 - 0 )

Gule kort: 4 til Førde3
Tilskuera: 60-70
Dommar: Andreas Sandal, Haugen IL

1-0 13' Martin Klakegg Hauge (Vidar Senneset)
2-0 17' Simen Hamre (Vidar Senneset)
3-0 34' Simen Hamre (Mathias Hammersland)
-
4-0 68' Magnus Myrhol (Martin Senneset)

Lagoppstilling (4-4-1-1)

Mathias Hauge
Gøran Larsen, Magnus Myrhol, Espen Frøyen, Vidar Senneset(K)
Eirik Førde Rylandsholm, Simen Hamre, Martin Igland Senneset, Mathias Hammersland
Mads Førde Os
Martin Klakegg Hauge


Innbyte:

40' Simen Hamre ut, Espen Rosø inn.
70' Mads Førde Os ut, Simen Hamre inn.
75' Eirik Førde Rylandsholm og Mathias Hammersland ut, Torbjørn Førde og Kristoffer Lågeide inn.
85' Martin Klakegg Hauge ut, Mads Førde Os inn.

*Det er frie bytter i 5 divisjon, kan bytte ut og inn so mykje ein vill.


Viste du at ?

*Gøran Larsen spelte sin første kamp for Bremanger etter returen frå Florø SK, han har no 38 kampar for herrelaget.

Diverse lenker:
Sjå kva Firdaposten skriver om kampen HER.
Link til Firda live finner du HER.
Fleire bilder frå kampen finner du HER.
Les vår "Før kampen" artikkel HER.
Link til A-laget si side finner du HER.
Spelar statistikk for sesongen 2015 finner du HER.
Tabell og terminliste på fotball.no finner du HER.

Litt bilder frå kampen:

Martin Klakegg Hauge
Martin Klakegg Hauge gjore ein god jobb på topp.

Simen Hamre skårar på corner.
Simen Hamre skårar på corner.



mads Førde Os
Mads Førde Os spelte ein god kamp.


2 serierunde: Selje - Bremanger
-Kampreferat finner du her.
-"Før kampen" artikkel finner du her.
- Vår live oppdatering finner du her.
1 serierunde: Bremanger - Eid 2
- Kampreferat finner du her.
- Før kampen artikkel finner du her.

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.