GEOREG

Postet av Johanne Nygård den 28. Jan 2020

Det nye turåret er så vidt starta og for dei som endå ikkje har lasta ned appen Georeg og registrert seg som brukar kan det vere lurt å gjere det medan ein ventar på betre turvêr. Prøv gjerne at alt fungerer som det skal heime i stova slik at ein unngår problem ute på ein av postane skal registere (heime vil ein få opp ei melding om kor langt unna ein er næraste topp).

Sjølve appen er gratis å laste ned og bruke, men for dei som vil vere med i trekning av 2 stk gåvekort på kr 1000,- (som vert trekt tilfeldig blant to av dei som fullfører alle toppane) må ein betale inn kr 100,- til Bremanger Idrettslag, enten VIPPS 585777 eller konto 3776.05.00632 og merke betalinga Fjelltrim 2020. Det som kjem inn av midlar vert brukt til å kjøpe inn meir merkeutstyr for å vedlikehalde og vidareutvikle stinettet slik at det blir endå betre tilrettelagt for å komme seg ut på tur. Ein del plassar må det leggast ut stein og drenerast så vi håper flest mogleg ønsker å støtte dette arbeidet

Det er kun dei som registrerer turane sine med Georg og betaler inn aktivitetsavgifta på kr 100,- som vert med i dei offisielle statestikkane som vert presentert ved årets slutt (fortløpande status for dei som deltek finn ein på Georeg). Bøkene vert kun brukt for tilfeldige besøkjande og ikkje til poengregistrering.

Av praktiske opplysingar kan ein nevne at same turpost kun kan registerast 1 gong pr femte time (dette for å unngå dobbelregistrering og er ei global innstilling for systemet).

Ein finn det ein treng av info på Georeg sin websider og i tillegg har dei eiga facebook-side der det også ligg mykje nytting info og brukarerfaringar. Har ein tekniske problem må ein ta kontakt med Georeg support, får ein f.eks ikkje til å registrere ein post er det lurt å ta eit skjermbilde av feilmeldinga og notere klokkeslett ,dato og gjerne kva telefon ein har. Lokal admin har ikkje tilgang til å legge inn registreringar om nokon har gløymt at telefonen heime eller har tekniske problem slik at ein ikkje får registrert eit besøk.

www.georeg.no


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.