Sommaraktivitet 2017

Postet av Morten Ferstad den 18. Apr 2017

Påmelding til Sommaraktivitet 2017.

Bremanger Idrettslag arrangerer som tidlegare år sommaraktivitet for born frå 1 klasse til og med 7 klasse. Det er planlagt for 1 veke, dette vert i veke 25.(frå og med 19.juni – til og med 23.juni)

Vi nyttar nærmiljøanlegget i Bjørsvika på Hauge i Bremanger som base, og held ope frå klokka 08.30 med planlagde aktivitetar frå klokka 09.00 til klokka 15.30.

Borna skal vere henta innan klokka 16.00.

Av planlagde aktivitetar kan vi nemne fiskturar med lokale båtar, fjellturar, bading på Grotlesanden, tur til Tongane og sjølvsagt mykje leik og moro i det flotte nærmiljøanlegget og området rundt. Vi tenkjer og ta utgangspunkt i opplegget vi gjennomførte i 2016 men med nokre endringar på aktivitetane. Viktig at borna som skal vere med er klar over at dette er ei aktivitetsveke med ulike friluftsaktivitetar, og mottoet er UT PÅ TUR ALDRI SUR !

Det vert sett opp program for heile veka, og vi delar deltakarane i grupper, slik at dei kvar dag veit kva dei skal gjere på.

Deltakaravgift for Sommaraktiviteten vert på kr. 1.450 pr. deltakar pr veke. Om det er fleire søsken som deltek vil kostnaden vere 2.450 kroner for to born og 3.450 kroner for tre born osv.

Bindande påmelding til: bilsommaraktivitet@gmail.com innan 17.mai. Det er først til mølla-prinsippet som gjeld, og alle påmeldingar namn på barnet, fødselsdato og kontakttelefon til føresette.

Betaling for sommarleiren skal til kontonummer 3776 07 01476 innan 25.mai-17

Merk betalinga med namn på deltakar.

Endeleg program med gruppeinndeling vert sendt ut 14 dagar før sommaraktiviteten tek til. Om det er spørsmål eller trong for meir opplysningar ta gjerne kontakt på e-post eller ring

Anne Kristin Førde telefon 99 16 90 91

Vi håpar det er mange som vil vere med på sommaraktivitet i 2017!

Bremanger den 17.04.17

Med helsing

Anne Kristin Førde Evy Bach Colliander Marie Nyborg

Kontaktperson BIL Leiar fotballgruppa BIL Fotballgruppa




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc